Ole Bull og vennene hans
Distriktsmusikarane på Voss har sett saman eit variert program for å feire jubilanten Ole Bull.
Som tittelen antydar blir det ikkje berre Ole Bull ein får høyra på denne konserten, men også venner og bekjente. Ole Bull var jo virkeleg ein døråpnar i si tid, og gjennom han kom kulturlivet i Europa litt nærare oss her i nord. Han er på mange måtar ein direkte forbindelse til mange av dei største komponistane. Konserten vil gje eit bilde av kva Ole Bull møtte på reise i Europa og også visa tradisjonane heimefrå som han heile tida hadde med seg.
Medverkande; Distriktsmusikarane på Voss: Øystein Haga, fløyte, Helga Hjetland, fiolin, Karianne Stangenes Søvig, piano og Kristine Solberg, cello.
